Medlemsmøte 11.november kl.20

Arrangement

11. nov, kl. 20:00 – 22:00, kantina 2.etg. Tinggata 3

Pengebruk i Stryn kommune

Stryn Arbeiderparti inviterer til medlemsmøte med fokus på pengebruk i Stryn kommune.

Budsjettet for neste periode er på trappene og vi treng gode innspel frå medlemane våre rundt det dei er opptatt av.

Stryn kommune har som andre kommunar stram økonomi og vi håpar medlemane vil møte opp og diskutere korleis pengane bør brukast og kva ein må prioritere.

Ei heit sak for tida er brannstasjon, men bustadpolitisk handlingsplan og pengebruk i omsorg og oppvekst er viktige tema vi kjem innom.

Vi håpar du kjem og tar del i diskusjonen. Det vert enkel servering.

- Stryn Arbeiderparti