Årsmøte 2021 - uttale til fylkesårsmøtet (2)

Forslag 2: Desentralisert høgskuletilbod

Samarbeidet mellom vidaregåande opplæring, Fagskulen, Universitetet og Høgskulen må styrkast og utviklast. Arbeidarpartiet må framheve kompetansebehov i alle delar av landet. Det må leggast til rette for at universitet og høgskular kan tilby desentralisert høgare utdanning i dei lokale regionane som har særlege behov for kompetanse, og som ber om utdanningstilbod. Dette gjeld mange fagområde.Grunngjeving: Programdokumentet vårt presiserer at desentralisert høgskuletilbod er viktig, men vi ønskjer ei spissa formulering der det lokale næringslivet og kommunane må få større innverknad på satsinga ute i distrikta. Med dei digitale plattformene som er tilgjengelege, bør det vere muleg å gje høgskuleutdanning nær der folk bur. Gamle Sogn og Fjordane har gode erfaringar med desentralisert kompetansebygging der tett samarbeid, med høgskulen som leverandør og kommunane/regionane som bestillarar, har gitt gode resultat innafor t.d. helse og opplæring. På same måten kan næringslivet involverast som «bestillarar». For vårt område er særleg høgskuleutdanning innan reiseliv eit naturleg satsingsområde.