Årsmøte 2021 - uttale til fylkesårsmøtet (3)
Forslag 3: Nasjonale reglar for barnetrygd og sosialstønad
Stryn Ap ber fylkespartiet medverke til at følgjande vert ein del av Arbeidarpartiet sin politikk: Barnetrygda skal ikkje reknast som inntekt for dei som tek imot økonomisk sosialstønad. Dette må vere innført som nasjonal forskrift.Grunngjeving: Den einaste formuleringa vi kan finne i Arbeidarpartiet sitt forslag til program er at barnetrygda skal vere på noverande nivå. I dei langt fleste kommunane vert barnetrygda rekna som inntekt for dei som får økonomisk sosialhjelp og dermed blir det dette er ei ordning som Stryn Ap meiner slår svært skeivt ut for dei svakast gruppene i samfunnet. Dersom vi skal motverke barnefattigdom og stigmatisering av familiar, meiner vi det må til ei nasjonal forskrift der denne urettferdige ordninga vert fjerna. Stryn Ap har i eiga kommune gjort framlegg om dette, men får førebels ikkje fleirtal for det. Det vert vist til store kostnader og til at det finst særlege vurderingar i NAV som kan hjelpe i prekære situasjonar. Vi meiner at det ikkje er godt nok med særordningar der familiar må søkje NAV om ekstra midlar til enkle ting som ny barnehagedress, stønad til barnebursdag og andre ting vi med normale inntekter ser som sjølvsagt for ein familie. Difor meiner Stryn Ap at dette er eit nasjonalt ansvar og ønskjer at Arbeidarpartiet tek det inn i sitt politiske program.