Årsmøte 2021 - uttale til fylkesårsmøtet (4)
Forslag 4: Statens Vegvesen
Vegnettet er for store delar av landet ein livsnerve og må reknast som kritisk infrastruktur. Stryn Ap meiner at slike strukturar må ligge under direkte politisk styring gjennom Staten sine eigne organ. Difor må Statens Vegvesen byggjast opp i staden for å byggjast ned. Arbeidarpartiet skal vere ein pådrivar for å styrke Statens Vegvesen som regional aktør og hovudaktør for bygging og drift av vegnettet. Grunngjeving: Stryn Ap meiner det er eit statleg ansvar å byggje og drifte viktig infrastruktur. Det er ikkje ønskjeleg å privatisere verken veg eller jernbane. For oss som bur i eit distrikt utan jernbane og der vegutbygging vert vurdert ut frå samfunnsøkonomiske kriterium, er det viktig å halde på nasjonal politisk styring. Verdiskaping i lokalt næringsliv – industri, sjømatnæring og landbruksnæring, er avhengig av sikre vegar og god regularitet. Det må sikrast gjennom aktiv politisk styring på nasjonalt og fylkeskommunalt nivå. Statens Vegvesen må byggjast opp til å vere den berande aktøren.