Barnetrygd og sosialstønad: Kva tenkjer Stryn Ap?
Innlegg i Fjordingen 04.02.2020
Dei som får økonomisk sosialstønad i Stryn og som har barn, ser lite til barnetrygda.Her, som i ca 85% av kommunane i landet, vert barnetrygda rekna som inntekt – og denne inntekta vert lagt til grunn for utrekning av sosialstønad. Mange av dei som faktisk treng barnetrygda aller mest, ser lite til det som vert kalla «universelle ordninga» og som difor skal gjelde alle barn.
Familiar gjer ulike vurderingar av korleis dei brukar barnetrygda.Dei rikaste av oss set gjerne barnetrygda på konto slik at det skal vere ein god start på vaksenlivet for barna, anten det går til bustad, studiar eller sertifikat.Mange som ikkje har den same økonomiske handlefridomen, tenkjer at barnetrygda er ei god hjelp i familieøkonomien når barna skal delta i aktivitetar, kjøpe kle, leikar og sportsutstyr mm.Dei i vårt land – og i vår kommune – som har aller minst frå før, får altså ikkje valet ein gong. NAV skal vurdere om dei skal få noko nytte av barnetrygda i det heile. Faktisk vert desse familiane oppmoda å søkje NAV om ekstra midlar dersom dei ikkje føler at dei har råd til t.d. å arrangere barnebursdag eller kjøpe vinterklede. Kan det vere greitt?
Stryn Ap tykkjer ikkje dette er greitt, og fremja sist torsdag ei sak for Helse- og sosialutvalet (HSU) med framlegg om at vi skal endre praksis i Stryn. Vi ville ha eit vedtak om at barnetrygda skal haldast utanfor inntektsgrunnlaget og at dette skal innarbeidast i budsjettet for 2021.Dette fekk vi dessverre ikkje fleirtal for i utvalet.
Regjeringa har jobba med å auke barnetrygda, om enn ikkje med så mykje. Dei skriv likevel i Statsbudsjettet for 2020 følgjande: «Regjeringen foreslår å øke barnetrygden for alle barn opp til fylte seks år med 300 kroner i måneden fra 1. september 2020. Det utgjør 3600 kroner i året. Økningen vil forbedre alle småbarnsforeldres økonomi, men vil bety mest for de med lav inntekt. Økningen skal også komme sosialhjelpsmottakere til gode.»
Barnetrygda har vore tema ved fleire høve i kommunen. Når vi no får så sterke signal frå statsbudsjettet, tenkte Stryn Ap at det var på tide for HSU å gjere eit «prinsippvedtak», men det kostar visst for mykje til at alle parti vil vere med på endringa.Stryn Ap vil følgje opp utfordringa og det er vel ikkje utenkjeleg at saka kjem opp att i løpet av den budsjettdebatten som skal førast i 2020.For ordens skuld: Stryn Ap sitt forslag fekk 3 stemmer, to frå Ap og ei frå V.
Jarle Hessevikleiar i Stryn Ap og medlem av HSU