Kontaktlærarar i skulen - samrøystes vedtak om utgreiing
På valmøtet i Stryn kulturhus, før valet, var auke av kontaktlærarressursen eit tema. Fleire parti ønskte at dette skulle prioriterast.

Tiltak nr 62131 - Færre elevar per kontaktlærar, med kostnad i 2016 på kr 361.000 og ein årleg kostnad kr. 868.700 vart ikkje prioritert av Skule- og kulturutvalet 25.11.2015.
Tiltaket vart ikkje teke med, verken i budjettframlegget for 2016 eller i økonomiplanen for perioden fram til 2019.
I kommunestyresak 177/15 - Godkjenning av årsbudsjett/økonomiplan 2016 - 2019 fremja difor Stryn Ap v/Jan Træen følgjande forslag:«Kommunestyret bed administrasjonen greie ut sak om eventuell auka ressursar til kontaktlærer i grunnskulen innan neste budsjetthandsaming. Saka skal innehalde ei konsekvensutgreiing knytt til eventuell auke/ikkje auke.»
Framlegget frå Stryn Ap vart samrøystes vedteke.