POLITISK SAMARBEID I STRYN KOMMUNESTYRE

original

1. Avtalen ligg til grunn for fordeling av verv og posisjonar. Desse er gjort kjende tidlegare.

2. Samarbeide om politiske saker.Dei tre partia har som mål å kome fram til felles standpunkt i flest mogeleg saker som skal til handsaming i kommunale organ.

3. Viktige saker.Det vert særs viktig å ha felles framlegg i store saker som:

- Budsjett/økonomiplan- Store utbyggingssaker- Vegprioriteringar, inkl. kriterier for gang- og sykkelvegar- Sal av kommunale selskap- Fastsetting av nivå på eigedomsskatten- Strategi for tilrettelegging for næringsutvikling, - nye og eksisterande- Arealplanlegging - overordna strategi- Kommunen skal gjennom si verksemd søkje miljøvenlege alternativ der det er muleg

4. Andre politiske sakerI avtalen er desse sakene særleg nemnde:

- Stryn kommune skal behalde eigarskapen i Stryn Energi i valperioden- Skule- og barnehagestruktur skal kunne endrast dersom barnetalet kjem under nivået for forsvarleg drift- Stryn kommune skal legge til rette for utbygging av kommunale bustadtomtar i bygdelaga i kommunen, der det er grunnlag for det, og økonomisk forsvarleg i ei totalvurdering- Eigedomsskatten skal ikkje aukast i valperioden- Vi skal arbeide for å få tilbake delingstal på elevar per kontaktlærar, slik som før endringa (12), i samband med budsjettprosessen - Sikre å halde fram med to-pedagogordninga i kommunale barnehagar

5. SamarbeidetAvtalen har ei rekkje punkt for korleis samarbeidet skal driftast, både for å kome fram til felles innstilling og kva reglar ein skal følgje ved forhandlingar og ved reell usemje.