Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Stryn kommune 2016 – 2020
Stryn Arbeiderparti ønskjer å forsterke formuleringane om alkoholfrie soner for barn, ungdom og barnefamiliar. Det er presisert i innspelet som partiet har kome med.

Uttalen konsentrerer seg om nokre få punkt i høve til noverande avtale. Dette er hovudpoenga:Målsetjinga må vere tydelegare Det skal leggast stor vekt på at nokre soner i livet og i samfunnet skal vere rusfrie. Dette skal gjelde særleg område og tidspunkt der tilstellingar for barn, ungdom og familiar med barn er ei naturleg målgruppe for rekreasjon og sosialt samvær.
Strategiar må spissastDet har tidlegare vore skrive om alkoholfrie soner, men det har vore vanskeleg å definere desse ut frå noverande tekst. Ap meiner difor at ein må prøve å vere konkret i definisjonane.- Definere alkoholfrie soner og styrke forståinga for kor viktig alkoholfrie soner er for einskildmenneske og samfunn. Det skal særleg takast omsyn til barn og unge si deltaking, og aktivitetar knytt til idrett og friluftsliv.
- Ansvarleggjere vaksne som gode føredøme.
SkjenkeløyveI høve tildeling av skjenkeløyve, ønskjer Ap inn eit nytt punkt: - Økonomiske argument skal i seg sjølv ikkje vere avgjerande for tildeling av skjenkeløyve.