Stryn Ap og kommunesamanslåing
Førehandsrøystingane over dei tre alternativa er alt i gang og måndag 13.06. er det folkeavrøysting.
Stryn Ap ønskjer å gje signal om lokalpartiet sine standpunkt. Det skjer gjennom denne nettsida, FB og lesarinnlegg i Fjordingen:
KOMMUNESAMANSLÅING – KVIFOR?
I desse dagar blir innbyggjarane i Stryn og Hornindal spurt om dei ønskjer kommunesamanslåing og med kven. I Stryn har vi tre val: Nei til samanslåing, samanslåing med Hornindal eller samanslåing med Hornindal og Volda.
Stryn Arbeidarparti hadde årsmøte i januar og fekk klar melding frå medlemane om at ei eventuell samanslåing bør vere med Hornindal.
Det har skjedd mykje sidan januar, særleg har det vore mykje fokus på at Hornindal vil gå til Volda og at Stryn bør vere med der. Men fleire i Stryn stiller spørsmål ved korleis dei små bygdene skal vise igjen i det politiske landskapet viss dei blir utkant i høve kommunesenteret i Volda.
Kveldsnytt måndag 06.juni: Innbyggarane i Lillesand seier nei til storkommune på Sørlandet. Frå før har vi fått med oss at innbyggarane i nabofylket har sagt nei til storbykommune rundt Molde, Kristiansund og Ålesund, trass i grundige argument frå ordførarar og andre sentrale politikarar.
Kvifor er skepsisen så stor til å bli del av ein storkommune? Veit vi for lite om kva samanslåingane vil føre med seg?
Vi høyrer om robuste og sterke fagmiljø – men kva vil det bety for innbyggjarane? Får kommunen betre økonomi? Svaret frå regjeringa er nokså varierande og usikkert på det . Vi kan kome til å oppleve meir byråkrati, meir toppstyring, mindre engasjement i utkantane fordi ein er for langt frå der avgjerd blir teke. Med andre ord – ein toppstyrt, byråkratisk kommunestruktur der innbyggjarane har liten mulegheit til å påverke utviklinga.
Har vi noko alternativ? Ja, vi kan bygge vidare på det som allereie fungerer godt i Stryn kommune og vidareutvikle samarbeidsløysingar og rutinar som allereie er der mellom kommunar som naturleg kan dele på oppgåver. Interkommunalt samarbeid fungerer.
Stryn Arbeidarparti har vore positiv til ei justering av kommunestrukturen, men ønskjer ikkje at denne prosessen skal bidra til ei sterk sentralisering der mykje skal samlast rundt større byar eller tettstader. Vi har framleis ei tru på at både Stryn og Hornindal kan tene på å slå seg saman.
Stryn Arbeidarparti