Stryn Ap: Prioriterte område for valkampen
1. Arbeid til alle i heile landet. Regjeringa sin politikk er distriktsfiendtlig. Arbeidarpartiet skal sikre ein desentralisert struktur for offentlege tenester for å bremse den aukande sentraliseringa. Dette er viktige arbeidsplassar, og ofte viktig for næringslivet i forhold til det å rekruttere par til området utanfor dei store byane. Sentralt bør partiet utfordrast på det uheldige i den omfattande sentraliseringa av statlege arbeidsplassar vi opplever no. Vi må ikkje ende opp med ytterlegare struktursentralisering innan ulike offentlege tenester. Arbeidarpartiet må prioritere verkemiddelbruken for næringsutvikling, som å auke nivået på regionale utviklingsmidlar til næringslivet / grunderbedrifter. Legge til rette for infrastruktur og næringsutvikling som gjev arbeid til alle i heile landet skal vere første prioritet.
2. Skule, utdanning. Halde fast på den desentraliserte vidaregåande skulestrukturen, som sikrar distrikta å halde på ungdomen i bygda og gjere det attraktivt å flytte tilbake. Ungdomen er framtida. Folketalsutvikling er dokumentert knytt til mellom anna nærleik til utdanningstilbod.
3. Samferdsle.Prioritere auka rammer i Nasjonal Transportplan for å få på plass ny tunnel på Strynefjellet, med arm til Geiranger på Rv 15 Måløy - Otta raskast mogleg. RV 15 er ei framtidsretta løysing som sikrar tilnærma 100 % ferjefri regularitet til E6 frå ein stor region. Prioritere auke i ras- sikringsmidlar til fylkesvegar i neste 4-års periode.