Stryn Arbeidarparti og NTP
Innlegg i Fjordingen og framlegg til innspel i den kommunale handsaminga
Stryn Arbeidarparti sine innspel til NTP
(Dette er teksten i lesarinnlegget 17.03.20. Teksten markerer kva grunngjeving vi har for å krevje at stryn kommuen leverer eige innspel til NTP - oh kva som er våre hovudpunkt)Nordfjordrådet har levert sin uttale om NTP (nasjonal transportplan) for 2022-33. Stryn Arbeidarparti har vore pådrivar for å sikre at kommunen sender eige innspel frå Stryn kommune, med fokus på våre viktigaste saker. Eit samla kommunestyre bør stille seg bak eit innspel. Stryn Ap har sendt inn ei rekkje punkt vi meiner er viktig å få med i innspelet.
Stryn kommune, og heile regionen, er avhengige av å sikre det potensialet regionen har, med stabile vilkår for næringslivet og ein bu- og arbeidsmarknad for framtida. Gode og sikre gjennomfartsårer og sambindingsvegar er ein føresetnad for næringsutvikling og bu-lyst.Stryn Ap sine innspel gjeld:
RV15 Strynefjellet Det er bra at Nordfjordrådet har vore så tydelege og prioritert ny tunnel Skåre – Breidalen.Stryn Ap føreset at innspelet frå Stryn kommune krev ny tunnel på Strynefjellet, som tunnelsikkerheits- og skredsikringsprosjektet for RV15, inn i fyrste periode av NTP 2022-2033. E39 Byrkjelo-Svarstad-GrodåsNordfjordrådet har også klart støtta E39 etter vedteken indre trasé, Byrkjelo - Svarstad - GrodåsStryn Ap føreset at innspelet frå Stryn kommune krev at E39, etter vedteken trasé, må inn i første planperiode av NTP 2022-2033 og det pågåande planarbeidet må framskundast. Gode tilkomstvegar er viktig. Difor må ein sjå E39 og RV15 i samanheng.
Gang- og sykkelvegar ved RV 15 Det må prioriterast nok midlar til bygging av gang- og sykkelvegar, særleg der skulebarn ferdast.Stryn Ap ber om at prioriterte gang- og sykkelvegar langs RV 15 vert tekne med ved rullering av NTP 2022 – 2033. Kommunen sin prioritet er: Svarstad-Lunde (1) og Riise-Kyrkjeeide og vidare til Storesunde (2).
FylkesvegarStryn Ap peikar på akutt behov for rassikring av:1. Fylkesveg Olden – Briksdal2. Fylkesveg Loen – Bødal. Fylkesveg 60; Olden – StrynStryn Ap ber om at Vestland fylkeskommune prioriterer oppgradering av Tyvanestunnelen og Stavenestunnelen på FV 60 mellom Olden og Stryn sentrum og gul midtstripe på heile strekninga.
Gang- og sykkelvegar langs FV 60Stryn Ap ber om at Vestland fylkeskommune prioriterer gang- og sykkelveg langs FV60. Kommunen sin prioritet er: Loen – Solvik (1) og Hildastranda (2).
Stryn ArbeidarpartiJarle Hessevik, leiarHaldor Hove, gruppeleiar