Politikken
Stryn Arbeidarparti sitt program 2023-27
FRIDOM, LIKSKAP OG SOLIDARITET
Dette er hovudprinsippa i det sosialdemokratiske verdigrunnlaget og ligg til grunn for Arbeidarpartiet si tenking og i utforminga av praktiske politikk.
Fridom frå undertrykking, fridom til å røyste, tenkje, tru, ytre seg og organisere seg er ein føresetnad for eit reelt demokrati.
Likskap betyr like rettar og høve til menneskeleg utfalding og vekst, uavhengig av bakgrunn. Vi skal vere særleg merksame på tendensar i samfunnet som fører til «utanforskap» og barnefattigdom.
Solidaritet betyr at alle skal med. I eit solidarisk samfunn tek vi ansvar for kvarandre, og alle yter etter evne. Solidaritet er uavhengig av grenser.
Stryn Arbeidarparti vil ha eit samfunn som tek vare på alle. Arbeidarpartiet er for sterkare fellesskap og mot auka ulikskapar i samfunnet. Dei som treng hjelp skal få det, og vi skal løyse dei viktigaste oppgåvene i fellesskap.Stryn Arbeidarparti har som målsetjing at folketalet i kommunen skal auke. Vi vil legge til rette for næringsverksemd som gjev nye arbeidsplassar og utvikling av eksisterande verksemder.Menneske er vår viktigaste ressurs. Di fleire menneske vi er i kommunen, dess fleire verdiar vil vi skape.
Vår politikk er nedfelt i eit program med desse underpunkta:
1. Miljø, klima og trivsel Stryn kommune skal vere ein attraktiv kommune å bu og vekse opp i.
2. Skule og barnehage Barn og unge er vår viktigaste ressurs for framtida. Godt utbygd offentleg skule- og barnehagetilbod er den beste garantien for å skape ein mangfaldig skule, god integrering og eit tolerant samfunn.
3. Helse, velferd og omsorg Stryn Arbeidarparti vil arbeide for at alle i kommunen skal få den hjelpa og omsorga dei treng, enten dei bur heime eller på institusjon. Det skal leggast vekt på det førebyggande arbeidet.
4. Arbeidslivspolitikk i kommunen I kommunen skal det førast ein arbeidslivspolitikk som fremjar eit trygt og anstendig arbeidsliv. Opne prosessar og samarbeid i den kommunale organisasjonen gir dei beste løysingane. Nærings- og samfunnsutvikling Stryn er kjend for å ha eit godt samarbeid mellom kommune og næringsliv. Dette samarbeidet skal ha høg prioritet, følgjast opp og vidareutviklast. Det er viktig at vi i denne samanhengen tek heile kommunen i bruk.
5. Nærings- og samfunnsutvikling Stryn er kjend for å ha eit godt samarbeid mellom kommune og næringsliv. Dette samarbeidet skal ha høg prioritet, følgjast opp og vidareutviklast. Det er viktig at vi i denne samanhengen tek heile kommunen i bruk.
-
Programplakatane 2023
Dette er delt på Facebook
-
Heile valprogrammet
2019-23
-
Nærings- og samfunnsutvikling
Del 5
-
Arbeidslivspolitikk i kommunen
Del 4
-
Helse, velferd og omsorg
Del 3
-
Skule og barnehage
Del 2
-
Miljø, klima og trivsel
Del 1