Miljø, klima og trivsel

Del 1

Stryn kommune skal vere ein attraktiv kommune å bu og vekse opp i. 

STRYN ARBEIDARPARTI VIL:

• arbeide for at areal for bustadbygging skal vere tilgjengeleg i heile kommunen, med ein pris som er overkomeleg for folk med normal inntekt, gjerne etter prinsippet "leige til eige" 

• medverke til eit planverk som fremjar bulyst, spreidd bustadbygging og næringsetablering i dialog med bygdelag 

• halde fram arbeidet for turstiar/skiløyper, gang- og sykkelvegar 

• ha ein grøn profil på gods- og persontransport og turisttrafikken • at kommunen skal ha ei aktiv rolle i arbeidet mot ureining av naturen

 • legge til rette for at ungdom i kommunen skal trivast, bli verande og kome attende etter endt utdanning 

• sikre gode vilkår for frivillig arbeid