Skule og barnehage

Del 2

Barn og unge er vår viktigaste ressurs for framtida. Godt utbygd offentleg skule- og barnehagetilbod er den beste garantien for å skape ein mangfaldig skule, god integrering og eit tolerant samfunn. 

STRYN ARBEIDARPARTI VIL:

• sikre trygt og godt skule- og barnehagemiljø og førebygge med tidleg innsats 

• sikre tettare samarbeid mellom skule, SFO og barnehage, halde oppe dei to- og fleirdelte skulane i kommunen, organisert som oppvekstsenter der det er føremålstenleg 

• sikre Stryn Vidaregåande skule sin plass i ein desentralisert skulestruktur og tilby utdanning som er tilpassa samfunn, næringsliv og elevane sine behov