Styremøte 3-25

Tidspunkt

13. Mar 2025 kl. 19:45

Sted

Tinggata 3

Til stede

  • Jan Træen
  • Anita Linda Pettersen Almskår
  • Kariann Nygård
  • Haldor Hove
  • Harald Røyrvik
  • Randi Bjørset

Referent

Harald Røyrvik

Saker

  • Valkamp 2025

    Stortingsval 2025 er 8. september med muligheit for å førehandsstemme frå 1.juli. Vi har derfor ein jobb å gjere no framover.

    Haldor Hove er valkampleiar og saman med seg i utvalet har han:
    Siv Rauset
    Anita Linda Pettersen Almskår
    Hilde Ullebø Hool
    Kariann Nygård

    Det vart bestemt å benytte Callhub for å ringe rundt til tilfeldig personar frå 18 år og oppover i kommunen for å informere dei om Arbeiderpartiet og oppmode dei om å stemme under valet.
    Jan Træen har søkt fylkeslaget (aktivitetsfondet) om tilskot til bruk av Callhub som kostar 5000kr å benytte i 14 dagar.

    Det er på tide å bytte ut teltet som ein har brukt på stand og Jan Træen vil søke LO Nordfjord om midlar til dette.

    Haldor Hove kom med forslag om å få inn midlar til laget/valet ved å forespørje medlemane om 100kr, mot at styret bidrog med 500kr kvar. Han tar dette og andre forslag rundt støtte med seg til valkamputvalet.

  • Faglig politisk samarbeid - Fagforbundet

    Jan Træen har endeleg fått tilsendt ein redigerbar mal.

    Harald Røyrvik tok på seg å lage eit utkast til avtale med Fagforbundet i Stryn. Forslag til avtale vil bli forelagt styret før signering.

    Anita Linda Pettersen Almskår foreslo at det stod noko om sjukelønnsordninga i avtalen.

  • Medlemsmøte

    Styret kom fram til at vi burde få til to medlemsmøter i vår. Det var ønskeleg at temaet på første møtet var kommuneøkonomi og at valet var temaet for det andre.

    Vi kom fram til at torsdag 10. april kan vere datoen for første møtet. Jan Træen vil forespørje kommunen om kommunedirektøren eller andre frå administrasjonen kan vere innleiar under møtet.
    Det kan også vere naturleg å invitere med fagforbunda i kommunen til å delta på møtet.

    Det andre møtet ønskjer vi å gjennomføre tysdag 22. mai med fokus på valet og kva Arbeiderpartiet vil bidra med. Her er det ønskeleg med ein innleiar frå Ap på fylket eller sentralt.

  • Oppvekstsenter Vikane

    Harald informerte om kva som står i kommunedelplan for oppvekst (2014-2024), med fokus på Vikane. Vidare informerte han om sentrale vedtak rundt skule og barnehage i Vikane, og fortalte litt om kvifor vi er der vi er i dag.

    Styret vedtok at ein må purre på at ein får utarbeidd/revidert kommunedelplan for Oppvekst. Jan Træen følger opp denne saka.

  • Huxe

    Fylkeskommunen har signert intensjonsavtale med kommunen om Huxe.

    Haldor Hove har forespurt kommunedirektøren om innsyn i avtalen.

    Alle under møtet fekk sagt kva dei har fått av informasjon og innspel til saka. Uklart korleis Ap skal stille seg til saka da Huxe omhandlar så mange idear. Det var også ein skepsis dersom ein tar midlar som er tenkt til Tonning skule og brukar det på Huxe.

    Tanken med Huxe er vel å styrke den vidaregåande skulen i Stryn. Så får vi berre prøve å påvirke evt. realisering av dette uten at det går for mykje ut over andre områder.

  • Finansutval (/Næringsutval)

    Finansutvalet består av representantar frå alle partia og er rådgjevande for formannskapet. Første møtet var i dag 13. mars.
    Eivind Hopland leiar utvalet.

    Partia er bedt om å ta større grep for å få betre styring av økonomien. Det er behov for å senke driftskostnadane med 10 mill no og opp mot 13 - 15 mill framover.

    Haldor Hove viste til at Stad kommune hadde kjøp av varer og tjenestar på 300mill. Han hadde forespurt kommune om tilsvarande oversikt for Stryn Kommune.

    Det vart også vist til kommunar rundt oss som no tar grep i strukturen rundt skular og barnehagar.