Medlemsmøte 1-25
Tidspunkt
10. Apr 2025 kl. 19:30
Sted
Tinggata 3.
Til stede
- 12 stk
Referent
Harald Røyrvik
Saker
-
Bustadpolitisk handlingsplan
Stryn Ap hadde invitert til medlemsmøte med tema Bustadpolitisk handlingsplan og fått Randi Rørvik Lillestøl frå kommunen til å orientere om saka.
Lillestøl er prosjektleiar for handlingsplanen som ligg under samfunnsdelen med mål om "Stryn - ein god stad å bu for alle heile livet".
Februar og mars har vore brukt til å få medvirkning frå aktørar som har interesse for den bustadpolitiske handlingsplanen. Kommunen har sendt ut spørjeskjema til desse som består av politiske utval og råd, bygdeutviklingslag og foreningar, næringslivet, utbyggarar, bankar, eigedomsmeklarar, Nordfjordkompaniet, vidaregåande skule og kommunale sektorar.
Lillestøl presenterte svara frå desse aktørane og det som gjekk igjen var:
- Etterspørsel etter sentrumsnære bustader og tomter
- Ønske om leiligheiter som kan frigjere einebustader
- Senior- og omsorgsbustader nært basane til heimesjukepleien
- Kommunen må ta ei aktiv rolle og benytte seg av Husbanken
- Problem med AirbnbPlanen vil bli lagt fram i mai med tre veker offentleg høyring, for deretter å bli godkjent 12. juni 2025.
Etter presentasjonen var ordet fritt og det var ein aktiv og engasjert møteforsamling. På spørsmål om kommunen såg føre seg virkemiddel i samband med Airbnb, sa Lillestøl at kommunen ville utgreie dette. Det vart prata mykje om leiligheiter til eldre og ønske om å få tilrettelagt for dette nært tettstadane rundt i kommunen. Det kom også framlegg om at Stryn Ap burde spele inn til planen at kommunen investerte i gjennomgangsbustader. Det vart også prata om leige til eige og at når næringslivet treng over 100 arbeidsplassar framover, så må det tilretteleggast for dette. Det vart også påpeika at ein må få kunne bu i distrikta. Til slutt vart det omsnakka at planavdelinga låg bakpå i framdriften av planarbeidet generelt.