Styremøte 02-2026-19.02.2026

Tidspunkt

19. Feb 2026 kl. 20:00

Sted

Tinggata 3

Til stede

  • Harald Røyrvik
  • Jan Træen
  • Anita-Linda Pettersen Almskår på teams
  • Nils Petter Støyva
  • Haldor Hove
  • Eivind Tonning
  • Kariann Nygård på teams.

Referent

Jan Træen

Forfall

  • Jarle Hessevik
  • Guro Svanheim Losoa
  • Henny Koppen

Saker

  • Konstituering. Fordeling av oppgåver. Kva ynskjer kvar ein å bidra med

    Konstituering. Jan Træen: Kasserer og sekretær. Ansvar for samferdslesaker. Leiar har ansvar for kontakt med andre kommuneparti. Kariann er kvinnekontakt og ansvarlig for medlemsoppfylgjing. Oppvekst, skule, barnehage. Haldor Hove: Medlemspleie og medlemsververving. Kontakt og oppfylgjing mot fagforeiningar. Nils Petter Støyva: Faglig politisk samarbeid, organisatoriske saker. Helse- sosial og omsorgsarbeid. Eivind: Tekniske saker. Jarle: Utdanning. Guro: Psykisk helse. Anita-Linda: Fylgje opp AUF.
    Harald: Kontakt med leiarar av lokallag. Kontakt mot fylkeslaget. Kontakt mot stortingsrepresentantar. Medieansvarlig.

  • Årsplan 2026

    Tal styremøte. Mål: Mål om 8 møter, derav 4 digitale møter og 4 fysiske møter. Torsdag passer best. Tal medlemsmøte. Mål: 4 møter ( 2 vår og 2 haust). Store og viktige saker skal takast opp på medlemsmøte. Torsdag passer best også for medlemsmøte. Styremøte 12.03.26 kl. 20.00; Teams. Medlemsmøte 26.03.26 kl. 20.00. Tinggata 3.

  • Medlemsoppfylgjing

    Tal medlemar i dag: 76. Mål om 100 medlemar innan utgangen av året. Kariann føl opp nye medlemar med velkomsthelsing via e-post.

  • Økonomistyring

    Eventuelle avvik frå budsjett skal takast opp som sak i styret i framkant. Lynlotteri på medlemsmøte. Økonomirapport på kvart styremøte. Signering i nettbanken; Harald Røyrvik og Jan Træen har signaturrett i nettbanken. Styret vedtek vervepremie ved verving av 3 medlemar. Harald og Jan finn ut vervepremie

  • Heimesida

    Styret utfordrar Jarle til å ta ansvar for å oppdatere og fylgje opp heimesida. Harald og Haldor hjelper til.

  • Kommunale vegar

    Kommunedirektøren ynkjer eit politisk bestemt retningsval for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Styret er samd i at ordninga må være rettferdig. Styret meinar at Stryn kan sjå til nabokommunar (Stad, Volda).

  • Eventuelt

    Skulering. 28.02 - 01.03.26 i Bergen. Fylkeslaget dekker opphald. Lokallaget dekker reise. Styreleiar inviterer Monica Oppedal til opplæring lokalt i Stryn.
    Nominasjon og program. Program og liste til kommunevalet 2027 skal være klart til 01. desember 2026. Blir sak på neste styremøte.